Vil du delta i vaksineringsarbeidet?

Vil du delta i vaksineringsarbeidet?

Vestnes kommune søkjer etter personar som kan delta i koronavaksinering. Har du erfaring med å vaksinere og helsefagleg bakgrunn, ber vi om at du registrerer deg i skjema under.

Korleis vert eg kontakta?

Kommunen vil ta kontakt med aktuelle personar som har meldt seg til vaksinering. Desse vil få tilbod om opplæring og vil vidare få tilsendt informasjonsskriv.

Vaksinering av personar som deltek i vaksinering

I følgje nasjonale retningslinjer skal 20% av vaksinene som kommunen får tildelt prioriterast til helsepersonell. Kommuneoverlegen har vurdert at innsatspersonell som deltek i vaksinering (dvs personell som arbeider med opptrekk, registrering og sett vaksine) vil få tilbod om vaksine. Vestnes kommune vil ringe til personell som skal delta i vaksinering og gi tilbod fortløpande.

Dersom du kan tenkte deg å delta i vaksineringsarbeidet, fyll ut skjemaet:

Felt merka med * må fyllast ut