Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 27.03.2020, kl 14:40

Sjå vår samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes.                                                   Information about corona in other languages

Status i Vestnes

Status i Vestnes

Antall koronasmitta i Vestnes 

Status pr. 27.03.2020: 0 registrert smitta

Alle testar som er gjennomført i Vestnes pr. 27.03.2020 har gitt negativt resultat. Det vil seie at det fortsatt ikkje er personar i Vestnes med bekrefta smitte av korna-virus. Testrutinene som blir benytta ved Vestnes legesenter er i henhold til dei anbefalingane som er gitt av Helsedirektoratet og FHI.

Begrensingar for reisande

Stenging/redusert drift i Vestnes kommune

  • Alle barnehagar og grunnskular i Vestnes held stengt fram til 13 april i samsvar med vedtak frå Helsedirektoratet. Vestnes kommune tilbyr omsorgstilbod for dei med samfunnskritiske funksjonar.
  • Set legar og helsepersonell i beredska for å oppretthalde kontinuitet
  • Vestnes kommunes sine helseinstitusjonar og bueiningar stengt for besøk av pårørande inntil vidare.
  • Rådhuset i Vestnes er stengt for publikum inntil vidare. Sentralbordet held ope som vanlig. Det er sett opp ringeklokke ved hovudinngangen, Brugata 10. Alle med avtalar skal ringe på den ved ankomst. Spørsmål rettast til tlf 71 18 40 00 
  • Dei offentlege tannhelsetenestene vil halde stengt frå 13. mars og inntil vidare. I lenka under står det kor ein skal henvende seg ved akutte behov. Meir informasjon på fylkeskommune sine nettsider.  
  • Nav-kontoret er stengt for for drop-in på ubestemt tid. Sjå Ditt NAV-kontor for meir informasjon. 
  • Har du behov for akutt økonomisk bistand, naudhjelp eller står utan bustad for natta, kontakt NAV. 
  • Kommunen sine idrettshallar, kulturskulen, svømmehallar, bibliotek og frivilligsentral held stengt inntil vidare.
  • Kantine på Myra er stengt inntil vidare.
  • Ergo-, fysio- og rehabiliteringstjenesten tilbyr kun nødvendig helsehjelp. 
 

Sjå komplett oversikt over tiltak frå Helsedirektoratet       

Pressemeldingar og aktuelt frå Vestnes kommune om koronavirus 

27.03.2020  No slepp du heimekarantene dersom du kjem frå Sør-Noreg
25.03.2020  Ny oppfordring frå ordførar Geir Inge Lien - video (MP4, 26 MB)  
24.03.2020  Reisande frå Sør-Noreg må i heimekarantene (PDF, 2 MB)  
20.03.2020  Treng du hjelp til å handle på butikken eller hente medisin på apoteket?  
20.03.2020  Kommunale fakturaer - be om utsatt betalingsfrist 
20.03.2020  Kan du bidra med frivillig innsats i Vestnes kommune?
19.03.2020  Regjeringa har innført forbud mot overnatting på fritidseigedom utanfor eigen kommune. 
18.03.2020  Betaling av barnehage- og SFO-rekning 
18.03.2020  Set legar og helsepersonell i beredskap 
17.03.2020  Føresette slepp å betale for barnehage og SFO i perioden tilbodet er stengt. 
17.03.2020  Pressisering av område for karantenereglar 
16.03.2020  Informasjon frå ordførar Geir Inge Lien om skjerpa karantenereglar - video
16.03.2020  Pressemelding - Karanteneinnskjerpinger lokalt i Vestnes kommune  
12.03.2020  Pressemelding - ang. stenging av Fiksdal oppvekstsenter  
12.03.2020  Har du helsefaglig kompetanse? Vestnes kommune håper at du registrerer deg! 
12.0320.20  Pressemelding frå Regjeringa - Helsedirektoratet stenger alle barnehagar og skular 
12.03.2020  Rådhuset er stengt på ubestemt tid 
12.03.2020  Pressemelding - Fiksdal oppvekstsenter er stengt grunna mogleg koronasmitte frå anna kommune
12.03.2020  Informasjonsskriv 4 om koronaviurs (PDF, 126 kB)   
11.0320.20  Informasjonsskriv 3 om koronavirus (PDF, 119 kB)  
06.03.2200  Helsedirektoratet råder til at følgande personar ikkje besøker kommunale helseinst. (PDF, 501 kB)
03.03.2020  Informasjonsskriv til føresette i skule og barnehage (PDF, 116 kB)  
03.03.2020  Koronavirus: Person med smitte besøkte Molde i helga
28.02.2020  Informasjonstelefon koronavirus