Informasjon om koronaviruset

Samankomstar og arrangement

Samankomstar og arrangement

Vestnes kommune følgjer nasjonale reglar for private samankomstar og arrangement. Andre trinn i den nasjonale gjenåpningsplan er iverksett 27. mai 2021 og følgjande råd og reglar gjeld: 

Nasjonale tiltak - gjeldande frå 27. mai 2021

Sjå Helsenorge.no for råd til arrangement og sosiale samankomstar

Besøk i private heimar og hytter 

  • Du kan ha maksimalt 10 personar på besøk i tillegg til eigne familiemedlemmar.
  • Du skal ikkje ha fleire på besøk enn at gjestane kan halde ein meters avstand til kvarandre.
  • I tillegg til dei 10 gjestane, kan du ha beskytta personar på besøk.
    Det er dei som er fullvaksinerte eller personar som har fått første vaksinedose for minimum tre veker sidan. Personar som har hatt korona dei siste seks månadane blir rekna som beskytta. 
  • Beskytta personar treng som hovudregel ikkje å overhalde ein meters avstand til andre i private heimar, med unntak av ubeskytta i risikogruppa. Les meir på helsenorge.no
     

Private samankomstar i leigd eller lånt lokale

  • Innandørs: Maksimalt 20 personar (uavhengig av alder, slekt, eller om nokon er beskytta)
  • Utandørs: Maksimalt 30 personar (uavhengig av alder, slekt, eller om nokon er beskytta)
  • Barn i barnehage eller skule, som er i same kohort, kan møtast med eit nødvendig antall vaksne til stades. 
     

Private sammenkomster på spisested

  • Serveringstader som restaurantar, kafear og liknande kan maksimalt servere grupper på 20 personar. Det gjeld uavhengig av alder, slekt, kohort eller om nokon er beskytta. 
  • Dei som ikkje er i samme husstand må ha minst ein meters avstand til resten av gruppa. 
     

Offentleg arrangement (innandørs)

  • Maksimalt 50 personar uten faste, tilviste sitteplassar. 
  • Ved innandørs idretts- og kulturarrangement for deltakarar under 20 år som tilhøyrer same kommune, er maksgrensa 100 personar. 
  • Det kan vere maksimalt 200 personar på arrangement kor alle i publikum sitt på faste, tilviste sitteplassar. 
     

Offentlege arrangement (utandørs)

  • Maks 200 personar på utandørs arrangement utan faste, tilviste plassar.
  • Maks 600 personar (fordelt på 3 kohorter á 200 personar) dersom dei sitt på faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane .

Uteliv og servering

  • Det er tillatt med skjenking til klokka 24. Inga spiseplikt. 
  • Det er påbod om bordplassering, og gjestane må halde minimum ein meters avstand.
  • Det skal registrast kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til det. 

Persontall i kirkene

I begravelsar og andre arrangement i kyrkjene skal det vere mogleg å halde éin meters avstand på tilviste plassar. Avstandskravet er to meter dersom det er allsang i arrangementet. 

Som arrangør er du ansvarleg for

  • å ha oversikt over kven som er tilstades for å kunne bistå kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing. Dersom det er nødvendig å nedtegne ei eiga oversikt over dei tilstedeværande med kontaktopplysningar for å finne tilbake til deltakarane, skal denne slettast etter 14 dagar.  Arrangøren skal informere dei som er tilstades om at det blir laga ei oversikt.
  • å iverksette tiltak som bidreg til at sjuke ikke deltek på arrangementet
  • å følgje relevante standardar om smittevern
  • å tilrettelegge for at avstandskrav og smittevern kan følgjast under heile arrangementet.

Du kan ikkje søke Vestnes kommune om unntak 

Dei nasjonale smittevernreglane gjeld for alle. Vestnes kommune kan innføre strengare tiltak dersom smittesituasjonen tilsier det, men det har ingen hensikt å søke kommunen om unntak frå dei nasjonale reglane. Sett deg godt inn i råda og reglane frå nasjonale helsemyndigheiter! Kommunen er behjelpelig dersom du treng hjelp til å tolke dei.

Du finn råd til feiringar, sammankomstar og arrangement på helsenorge.no