Samankomstar, arrangement, idrett og aktivitet

Samankomstar, arrangement, idrett og aktivitet

Vestnes kommune følgjer nasjonale reglar og anbefalingar, og anbefalar at alle planlagde arrangement blir avlyst. Dersom arrangement ikkje kan utsettast, gjeld desse reglane frå 25. mars 2021 og inntil vidare: 

  • Innandørs er det tillatt med maksimalt 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitteplassar.
  • Det er tillat med 50 personar i begravelsar og bisettelsar når det blir brukt faste, tilviste plassar.
  • På utandørs arrangement er det maksimalt tillat med 50 personar. 
  • På innandørs idrettsarrangement for personar under 20 år er det tillat med 50 personar, så lenge desse tilhøyrer idrettslag i same kommune.
 

Sjå Helsenorge.no for råd til arrangement og sosiale samankomstar

Uteliv og servering

Det er innført skjenkestopp frå 25. mars 202 og inntil vidare.

Som arrangør er du ansvarleg for

  • å ha oversikt over kven som er tilstede for å kunne bistå kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing. Dersom det er nødvendig å nedtegne ei eiga oversikt over dei som deltek med kontaktopplysningar for å finne tilbake til deltakarane, skal denne slettast etter 14 dagar. Arrangøren skal informere dei som er til stede om at det blir laga ei oversikt.
  • å iverksette tiltak som bidrar til at sjuke ikkje deltek på arrangementet
  • å følgje relevante standardar om smittevern
  • å tilrettelegge for at avstandskrav og smittevern kan følgjast under heile arrangementet.

Idrett og aktivitet

Det er de nasjonale smittevernreglene som gjelder i Vestnes. Dette er de nasjonale reglene som gjelder fra 25. mars og inntil videre, sjå tiltaka som er lista opp på Helsedirektoratet.no. 

Rettleiar for idretten

Idrettslaga er ansvarleg for at all aktivitet blir gjennomført på ein smittevernfagleg, forsvarleg måte. 
Helsedirektoratet har utgitt ein rettleiar for den organiserte idretten. 
På helsedirektoratet.no finn du den nasjonale rettleiaren for idrett (covid-19)
Du kan og lese om reglar for organiserte fritidsaktivitetar på nettsidene til fhi.no

Rettleiar for korps og andre musikkøvelser

På nettsidene til Norges Musikkorps forbund finn du rettleiar for musikkøvingar som er godkjent av Helsedirektoratet. 

Du kan ikkje søke Vestnes kommune om unntak 

Dei nasjonale smittevernreglane gjeld for alle. Vestnes kommune kan innføre strengare tiltak dersom smittesituasjonen tilsier det, men det har ingen hensikt å søke kommunen om unntak frå dei nasjonale reglane. Sett deg godt inn i råda og reglane frå nasjonale helsemyndigheiter! Kommunen er behjelpelig dersom du treng hjelp til å tolke dei.

Du finn råd til feiringar, sammankomstar og arrangement på helsenorge.no 
Om arrangement, samlingar og aktivitetar (fhi.no)