Informasjon om koronavaksinering

Informasjon om koronavaksinering

Klikk for stort bilete Vestnes kommune har planane klare for koronavaksinering av befolkninga vår. På denne sida vil vi fortløpande informere om organisering og gjennomføring av koronavaksinering i vår kommune.

Status for vaksinering i veke 9

I løpet av denne veka får kommunen 14 glass av Pfizer BioNTech dose 2, desse dosane blir prioritert til gruppa 80 år og eldre som kjem til vaksinere ei stund framover.

Denne veka får vi også levering av vaksina AstraZeneca - 10 glass. Folkehelseinstituttet har lagt føringar om at desse vaksinane som skal forbeholdast helsepersonell. Kommuneoverlegen har gjennomført ei prioriteringsrekkefølge og desse er i gang med vaksinering:

  • Ambulansepersonell
  • Personell i legevakt
  • Personell i legekontor
  • Innsatspersonell som skal delta i massevaksinering
  • Personell tilknytta institusjon (Hellandtunet, Vestnes sjukeheim og Tresfjord Trygdeheim)
  • Personell tilknytt heimetenestene
  • Personell tilknytta Bu-og habiliteringstenestene
  • Personell i tannhelsetenesta
  • Delar av personell i brannvesen

Koronavaksinering