Idrett og aktivitet

Idrett og aktivitet

Vestnes kommune følgjer nasjonale reglar for idrett og aktivitet. Tredje trinn i den nasjonale gjenopningsplan er iverksett 20. juni 2021 og følgjande råd og reglar gjeld: 

Nasjonale tiltak - gjeldande frå 27. mai 2021

Barn og unge

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. 

  • Barn og unge under 20 år kan delta som utøvarar på idrettsarrangement eller konkurranse på tvers av regionar og kretsar, både innandørs og utandørs og utan krav om å halde ein meters avstand. 
  • Sommerleir: Det anbefalast maks 300 personar på sommerleir eller aktivitetsleir som samlar personar over mange dagar. Det anbefalast også at deltakarane blir delt inn i grupper på omtrent 40 personar. Det er ikkje krav om å halde ein meters avstand, men dei generelle råda om avstand og håndhygiene gjeld også på leir. 

Vaksne

  • Det er tillatt med kontaktidrett for vaksne. 
  • Anbefalte gruppestørrelser er inntil 30 personar innandørs og 40 personar utandørs. 
  • Vaksne i breddeidretten får unntak frå ein metersregelen når dei deltek på idrettsarrangement som kamper og stevne innan regionen/kretsen. Dette gjeld både utandørs og innandørs. 
  • Toppdrett kan utøvast som normalt. Det betyr at seriespel kan gjennomførast både utandørs og innandørs. 
  • Vaksne dansarar, musikarar og scenekunstnarar som ikkje er profesjonelle kunstnarar får unntak frå ein metersregelen på kulturarrangement (både utandørs og innandørs), dersom dei elles trener eller øver saman. 

Rettleiar for idretten

Idrettslaga er ansvarleg for at all aktivitet blir gjennomført på ein smittevernfagleg, forsvarleg måte. 
Helsedirektoratet har utgitt ein rettleiar for den organiserte idretten. 
På helsedirektoratet.no finn du den nasjonale rettleiaren for idrett (covid-19)
Du kan og lese om reglar for organiserte fritidsaktivitetar på nettsidene til fhi.no

Rettleiar for korps og andre musikkøvelser

På nettsidene til Norges Musikkorps forbund finn du rettleiar for musikkøvingar som er godkjent av Helsedirektoratet. 

Som arrangør er du ansvarleg for

  • å ha oversikt over kven som er tilstades for å kunne bistå kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing. Dersom det er nødvendig å nedtegne ei eiga oversikt over dei tilstedeværande med kontaktopplysningar for å finne tilbake til deltakarane, skal denne slettast etter 14 dagar.  Arrangøren skal informere dei som er tilstades om at det blir laga ei oversikt.
  • å iverksette tiltak som bidreg til at sjuke ikke deltek på arrangementet
  • å følgje relevante standardar om smittevern
  • å tilrettelegge for at avstandskrav og smittevern kan følgjast under heile arrangementet.

Du kan ikkje søke Vestnes kommune om unntak 

Dei nasjonale smittevernreglane gjeld for alle. Vestnes kommune kan innføre strengare tiltak dersom smittesituasjonen tilsier det, men det har ingen hensikt å søke kommunen om unntak frå dei nasjonale reglane. Sett deg godt inn i råda og reglane frå nasjonale helsemyndigheiter! Kommunen er behjelpelig dersom du treng hjelp til å tolke dei.

Om arrangement, samlingar og aktivitetar (fhi.no)