Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 27.03.2020, kl 14:40

Sjå vår samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes.                                                   Information about corona in other languages

Generelle råd

Generelle råd

Vestnes kommune følgjer råd frå Folkehelseinstituttet rundt koronaviruset. Dei følgjer nøye med på situasjonen og gir informasjon og råd til myndigheitene og helsetenestane. På deira faktaside vil du som innbyggar i Noreg finne meir informasjon om viruset, korleis det smittar, hygieneråd og kva du skal gjere om du mistenker at du er er sjuk

  • For å hindre smitte bør du unngå å hoste eller nyse direkte på andre. Hald minst ein meters avstand til personar med luftveisinfeksjoner, og nys/host i eit papirtørkle som skal kastast etterpå
  • God handhygiene, både hos friste og sjuke, er viktig for å hindre smitteoverføring. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute blant folk. Handdesinfeksjon er eit godt alternativ dersom handvask ikkje er mogleg. 
  • Heng opp plakatar med smittevernråd der kor folk ferdast! Du finn dei på Helsedirektoratets nettsider.

Les om koronavirus på helsenorge.no

Råd og informasjon om koronaviruset - sjå Folkehelseinstituttet.no.