Informasjon om koronaviruset

Generelle råd

Generelle råd

Vestnes kommune følgjer råd frå Folkehelseinstituttet rundt koronaviruset. På deira faktaside vil du som innbyggar i Noreg finne meir informasjon om viruset, korleis det smittar, hygieneråd og kva du skal gjere om du mistenker at du er er sjuk

Råd og tiltak som gjeld for alle

  • God hand- og hostehygiene, prøv å unngå å ta deg i ansikte. Sjå: Hygiene og reinhald.
  • Personar som bur saman og faste partnera kan omgås normalt.
  • Unngå handhelsning, samt kyssing og klemming, med personar som ikkje tilhøyrer eigen husstand eller er fast partner.
  • Hald avstand til andre, både på arbeid, ute og andre stader du oppheld deg.
  • Begrens antall personar du har nær kontakt med og får besøk av, til nokre få av gongen.
  • Friske barn kan vere saman både ute og inne, men i små grupper.
  • Utsett større samankomstar som ikkje er nødvendige.
  • Unngå stigmatisering og utestenging. 
  • Hvis du får akutt luftvegsinfeksjon bør du isolere deg heime til eitt døgn etter at du er frisk.
  • Hvis du mistenke du er sjuk

Klikk for stort bileteIllustrasjon smittevern Heng opp plakatar med smittevernråd der kor folk ferdast! Du finn dei på Helsedirektoratets nettsider.

Les om koronavirus på helsenorge.no

Råd og informasjon om koronaviruset - sjå Folkehelseinstituttet.no.

Smittestopp app

Smittestopp er ein app som hjelper helsemyndigheitene til å begrense spreiing av koronaviruset. Anonymisert informasjon frå appen om bevegelsesmønsteret i befolkninga blir brukt til å utforme effektive smitteverntiltak.

Last ned Smittestopp appen her