Informasjon om koronaviruset

Opnar opp for meir besøk ved institusjonane frå 29. mai

Opnar opp for meir besøk ved institusjonane frå 29. mai

I lengre tid har helseinstitusjonane våre hatt besøksrestriksjonar. Fleire har sikkert no fått med seg at helseministeren onsdag 27. mai, mjuka ytterlegare opp på restriksjonane i helseinstitusjonar/sjukeheimane. Dette er nok eit tiltak fleire har venta på og sett fram til.

For Senior Plaza er det no opna opp for ordinære besøk, vanlege smittevernreglar gjeld.

I samband med dette er det no utarbeid nye retningslinjer gjeldane fom 29.05.20

  • Besøk skal avtalast på førehand.
  • Tilsette møter besøkande ved inngang.
  • Gjeldande besøkstider; kl 11.30 – 13.00 og 16.00 – 17.30.
  • Besøksprotokoll skal førast
  • Tilsette tilstades under besøket

Ber om at informerte smitteverntiltak vert følgde.

Sjå lokale retningslinjer for smittevern for besøkande i instituasjonane (PDF, 108 kB)