Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Skulane og SFO i Vestnes har ordinær drift frå 8. juni

Skulane og SFO i Vestnes har ordinær drift frå 8. juni

Skulane opnar for så å seie ordinær drift frå måndag 8. juni. Det er nokre få, små tilpassingar som varierer frå skule til skule. Skuleskyssen vil og ha ordinær drift så same dato.

Frå 8. juni vil alle skulane ha så og seie ordinær drift. Kvar enkelt skule har sendt ut informasjon om skuletilbodet fram til sommaren til føresette.

Vestnes vaksenopplæring opna tysdag 12. mai for alle elevar.

Leikeapparat skal ikkje nyttast utanom skulen/SFO si opningstid

For at smitteverntiltaka i skule og barnehage skal ha ønskja effekt er det særs viktig at leikeapparata ikkje vert nytta av andre om kveldane og i helgene, les meir her.

Lokale retningsliner for smittevern i skule og SFO

Vestnes kommune har med bakgrunn i dei overordna retningslinene utarbeidd lokale retningsliner for skule og SFO. Desse gjeld både for kommunale og private skular.

Lokale retningsliner for smittevern i barneskule og SFO (PDF, 290 kB)  
Lokale retningsliner for smittvern i ungdomssteget (PDF, 281 kB)

Nasjonale rettleiarar for smittevern i skule

Rettleiar for smittevern for barneskule 
Rettleiar for smittevern for ungdomsskule og vidaregåande skule

Som eit føre-var-prinsipp for å minske smitterisiko kan det vere enkelte barn som skal rådast til å unngå oppmøte på skulen. Norsk barnelegeforening har i samråd med Folkehelseinstituttet utarbeidd ei oversikt over ulike diagnoser hjå barn og unge, og om det eventuelt skal takast spesielle omsyn.