Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Barnehagane i Vestnes har ordinare opningstider

Barnehagane i Vestnes har ordinare opningstider

Frå 25. mai og til sommarferien blir det ordinære opningstider i barnehagane: 06:45 - 16:30.

Ordinare opningstider

Frå 25.05.2020 og til sommarferien ( til og med veke 32 for Helland barnehage) blir det ordinære opningstider i barnehagane. 06:45 – 16:30

For å kunne gjennomføre tiltaka i rettleiaren og legge til rette for eit best mogeleg smittevern for alle, oppmodar Vestnes kommune den som kan nytte kortare opningstid om å gjere det. Barnehagane vil gjere ei kartlegging her.

Opningstidene er med atterhald om endringar i sentrale føringar og lokal smittestatus.

Leikeapparat skal ikkje nyttast utanom barnehagane sine opningstider

For at smitteverntiltaka i skule og barnehage skal ha ønskja effekt er det særs viktig at leikeapparata ikkje vert nytta av andre om kveldane og i helgene, les meir her.

Lokal rettleiar for smittevern i barnehagane

Det er med bakgrunn i rettleiaren frå Regjeringa utarbeidd lokale retningsliner for smittevern.

Her finn ein lokale retningsliner for smittervern (PDF, 244 kB)

Nasjonal rettleiar for smittevern i barnehagane

Her finn ein den nasjonale rettleiaren for smittevern i barnehagane