Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Kritiske samfunnsfunksjonar

Kritiske samfunnsfunksjonar

Det er viktig å oppretthalde drifta i helse- og omsorgstenestene og andre kritiske samfunnsfunksjonar, og å unngå at personar i risikogrupper brukast til barnevakt. Derfor er det lagt til rette for at barn av personell i helse- og omsorgstenesten, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar har eit barnehage- og skuletilbod. Det same gjeld for barn med særlige omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengt.

Vi gir tilbod om tilsyn i barnehage og barneskule/SFO til barn av føresette som arbeider i samfunnskritiske funksjonar og til sårbare barn. Vi viser til lenke til Udir sine sider. Der finn de definert dei som kan ha rett på tilsyn for sine barn. 

Regjeringa har ei oppdatert liste over kva som er definert som kritiske samfunnsfunksjonar og nøkkelpersonell som har rett på tilsyn for sin barn. 

Vi viser til lenka til Utdanningsdirektoratet sine sider for generell informasjon.

Kven kan få tilbod om barnehage og SFO?

For barn av føresette som har samfunnskritiske funksjonar, blir det lagt til rette for tilsyn for desse barna i deira ordinære barnehage og barneskule/SFO.

Samfunnskritiske funksjonar er definert til å vere:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-sikkerheit i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerheit
  • Vann og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apotek.

Vi ber føresette som har behov for tilsyn for sine barn om å ta kontakt med leiar i sin barnhage/barneskule for å få kartlagt dette. Vi oppmodar føresett å finn løysingar slik at barn og elevar kan vere heime. Vi viser elles til informasjon på Vestnes kommune sine heimesider og på Folkehelseinstituttet sine sider.

For barn med særskild omsorgsbehov

Ta kontakt med rektor eller einingsleiar på skulen eller barnehagen kor barnet ditt går dersom du har barn med særskild omsorgsbehov. 

Sjå informasjon frå Folkehelseinstituttet