Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Informasjon om fakturering

Informasjon om fakturering

Føresette slepp å betale for barnehage og SFO i perioden tilbodet har vore stengt.

Fakturering SFO

Det blir ordinær fakturering av SFO-tilbodet frå mai-månad.

Avrekning i høve til for mykje foreldrebetaling i mars (13.03-31.03.2020), og ev betaling for nokre dagar i april blir gjort på juni fakturaen.

Fakturering barnehage

Vestnes kommune vil fakturere for barnehageplass frå mai-månad. Det blir ikkje fakturert for kost i den perioden vi krev at barna tek med all mat heimanfrå, dette som eit smitteverntiltak.

Det er frå Utdanningsdirektoratet understreka at ordinære reglar for foreldrebetaling gjeld sjølv om ein har kortare opningstid ein periode.

Avrekning i høve til for mykje foreldrebetaling i mars (13.03-31.03.2020), og ev betaling for nokre dagar i april blir gjort på juni fakturaen.