Tilbake til normalen i barnehagar og skular

Tilbake til normalen i barnehagar og skular

Frå laurdag 25. september kl. 16 går vi over til ein normal kvarrdag med auka beredskap. Det er ikkje lenger nødvendig med kontaktreduserande tiltak i barnehagar og skular. Trafikklysmodellen kan berre vidareførast eller takast i bruk dersom den enkelte kommune meiner at smittesituasjonen krev lokale tiltak. 

Den vaksne befolkninga er i stor grad vaksinert, og ein aukande del ungdom får vaksine. Barn og unge har lav risiko for alvorleg covid-19 sjukdom. Derfor er det ikkje lenger naudsynt å ha tiltak i skular og barnehagar som avgrensar kvardagen deira. Dei grunnleggande smittevernråda gjeld framleis.

Les meir på udir.no 

Kontaktinformasjon

Knut Øyvind Hoem
Kommunalsjef
E-post
Telefon 482 72 458
May Britt Lyngvær Skavnes
Barnehagerådgjevar
E-post
Telefon 905 25 806