Informasjon om koronaviruset

Forbod/restriksjonar mot arrangement/samlingar/idrett

Forbod/restriksjonar mot arrangement/samlingar/idrett

Helsedirektoratet har vedteke omfattande tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset innan idrett, arrangement og samlingar.

Følg Folkehelseinstituttet sine anbefalingar for arrangement og samlingar

Organisert idrettsaktivitet

Idrettshallane opnar gradvis for organisert idrett. Meir informasjon kjem i veke 19.

Det er komme nye reglar knytt til organisert idrett.

  • Dette inneber at trening og annan organisert idrettsaktivitet kan gjennomførast for inntil 20 personar som held minst éin meter avstand. Her er det Helsedirektoratet sine anbefalingar og idretten sine eigne retningslinjer som gjeld.
  • Det er ei forutsetning for all aktivitet at smittevernreglane blir overhaldt. 
  • Bruk av garderober er ikkje tillatt.
  • Mest mogleg av treninga bør vere organisert slik at ein sikrar at det er vaksne til stades, som kan følgje opp smittevernreglane.

Koronavettreglar frå Norges idrettsforbund

Private grupper på maksimalt 20 personar

Anbefalt størrelse på grupper i privat samanheng aukast frå fem til maksimalt 20 personar, forutsett at ein kan halde minst éin meter avstand.

Arrangement med inntil 50 personar

Frå 7. mai er det tillate med arrangement på offentleg stad for inntil 50 personar

  • Dette vil gjelde der det er mogleg å halde avstand på minst ein meter mellom personar som ikkje er i same husstand.
  • Det gjeld berre arrangement på offentleg stad med ein ansvarleg arrangør som har oversikt over kven som er tilstede.
  • Ein ansvarleg arrangør er viktig for å sikre rask smittesporing dersom det skulle bli nødvendig, og for at nokon skal vere ansvarleg for at råda om avstand og smittevern kan følgjast.
  • Arrangement utan ansvarleg arrangør er ikkje tillet.
  • Musikkøvingar for korps og kor kan gjennomførast dersom smittevernreglane blir overhaldt. Sjå rettleiar: Smittevern for musikkøvelser.

Arrangement med 51–499 personar

  • Inntil vidare er arrangement med 51 eller flere personar forbode. Regjeringa vil komme med anbefalingar om gruppestørrelse i løpet av veke 19.

Arrangement med fleire enn 500 deltakarar

Alle kultur- og idrettsarrangement med meir enn 500 deltakarar er forbode fram til og med 31. august 2020.