Vil du arbeide som lærar i Vestnes kommune?

Vil du arbeide som lærar i Vestnes kommune?

Vestnes kommune treng dyktige lærarar til ledige undervisningsstillingar frå august 2019. Det vert ledig inntil 10, 5 stillingar i 100 %, både faste stillingar og vikariat .

Vestnes kommune har desse skulane: Helland skule 1-10, Tomrefjord skule 1-10, barneskule ved Fiksdal oppvekstsenter 1-7 og Tresfjord oppvekstsenter 1-7.

Vestnes kommune ligg sentralt i Møre og Romsdal fylke. Kort reisetid til byane Molde, Åndalsnes og Ålesund. Kommunen har ca 6.550 innbyggarar. Vestnes har eit rikt og variert organisasjons- og kulturliv, og har mykje å by på for den som er interessert i natur og friluftsliv.

Dei einskilde skulane har eiga stillingsannonse. Om du ønskjer å søkje på fleire stillingar ber vi om at du oppgir kva skular du har søkt på og i prioritert rekkjefølgje.

Søknadsskjema til den einskilde stilling og meir info om Vestnes kommune finn du her.

Fann du det du leita etter?