Vestnes kommune "pauser" vaksinering av AstraZenica-vaksina

Vestnes kommune "pauser" vaksinering av AstraZenica-vaksina

Vestnes kommune er kjend med at FHI og legemiddelverket no har hastemøte etter at Danmark midlertideg har stansa bruk av AstraZenica-vaksina.

Vestnes kommune pausar all vaksinasjon med bruk av AstraZenica-vaksina til det føreligg ei avklaring frå FHI og Statens legemiddelverk seinare i dag.

Frem til no er det kun helsepersonell som har motteke denne vaksina i Vestnes. Alle andre som har motteke vaksine har fått Pfizer-vaksina.

Kommunen vil følge dei råd FHI kjem med etter pressekonferansen kl 14.00 i dag når det gjeld bruk av AstraZenica-vaksina.