Vestnes kommune oppmodar til bruk av munnbind i butikkar, kjøpesenter og kollektivtransport

Vestnes kommune oppmodar til bruk av munnbind i butikkar, kjøpesenter og kollektivtransport

På bakgrunn av auka smittepress i kommunen oppmodar kriseleiinga i Vestnes no til bruk av munnbind i butikkar, kjøpesenter og kollektivtransport i Vestnes kommune.

Kommunen kjem ikkje med eit påbod, men med ei sterk oppmoding om at alle innbyggarane bør bruke munnbind når dei er på butikkar/kjøpesenter eller reiser kollektivt. Vi oppmodar òg om bruk av munnbind når ein elles ikkje klarer å halde minst ein meter avstand til andre.