Informasjon om koronaviruset

Vestnes kommune oppmodar til å begrense påskereiser

Vestnes kommune oppmodar til å begrense påskereiser

Etter faglege råd frå Folkehelseinstituttet oppheva Vestnes kommune førre veke karantenekrava som var innført for reisande frå 8 fylke. Likevel vil vi understreke viktigheita av at alle følgjer dei nasjonale reglane, og unngår reiser og besøk som ikkje er strengt nødvendig, også i påska.

Påska er ei tid der mange er på farten og reiser mykje inn og ut av kommunen, for å besøke slekt, vener og feriere. Vi er nå i ein unntakstilstand der det er sett i verk ei rekkje ekstraordinære tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. Dei viktigaste tiltaka er knytt til å halde seg mest mogleg heime, halde avstand, unngå reiser i størst mogleg grad og følgje hygieneråda. Dette er spesielt viktig for å unngå å utsette personar i risikogruppene for smittefare.

I Vestnes er vi flinke til å følgje råda og restriksjonane vi får frå sentralt hald og dette er trulig ein viktig grunn til at vi ikkje har registrert nokon med smitte. I Vestnes får vi tradisjonelt mykje besøk frå andre delar av landet i påskeperioden, men i den spesielle situasjon vi er i nå vil vi råde å unngå reiser som ikkje er strengt nødvendig. Vi må berre innstille oss på at denne påska blir annleis enn vi er vande til. Beredskapsgruppa i Vestnes ønskjer å oppmode alle til å bidra til å minimere smittespreiing ved å tenkje alternativt i år og følgje gjeldane reglar og råd. Eg vil ønskje innbyggarane våre ei god annleis påske – vis omtanke for kvarandre, seier ordførar i Vestnes, Geir Inge Lien

Reiseråd

  • Helsedirektoratet ønskjer at innanlandstransport skal gå mest mogleg som normalt, men vi oppmodar sterkt alle til å unngå fritidsreiser. 
  • Vi oppmodar til å unngå reiser som ikkje er strengt nødvendig (både innanlands og utanlands), unngå offentleg transport der du kan, unngå andre stadar der du lett kjem nær andre, unngå nærkontakt med andre.

Anbefalingar om avstand

  • Når vi er ute, bør vi ikkje vere meir enn fem personar i same gruppe. Det gjeld ikkje dei som er i familie eller i same husstand.
  • Når vi er innandørs på arbeidsplassen, bør vi ha minst to meters avstand til kvarandre. Det gjeld ikkje når vi er innandørs med familie eller personar i same husstand.

Følg hygieneråda

  • God hand- og hostehygiene, prøv å unngå å ta deg i ansiktet.
  • Personar som bur samen kan omgås normalt.
  • Unngå handhelsing, samt kyssing og klemming, utanfor heimen.
  • Hald avstand til andre, både på jobb, ute og andre stader du oppheld deg.
  • Begrens antall personar du har nærkontakt med, og får besøk av, til nokon få av gongen.
  • Friske barn kan vere samen både ute og inne, men i små grupper.
  • Utset større samankomstar som ikkje er nødvendige.
  • Unngå stigmatisering og utestenging. 
  • Dersom du får feber eller luftvgissymptom bør du isolere deg heime til eitt døgn etter at du er frisk.

Gjeldande karantenekrav

Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon (for eksempel hoste, feber, tungpustheit) skal du halde deg heime til ein dag etter at du har blitt frisk. Det er også eigne karantenereglar for personar som kjem reisande frå utlandet. Dette gjeld også dei som har vore i nærkontakt med nokon som er smitta.

Hytteforbodet gjeld framleis

Regjeringa innførte 20. mars eit forbod mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune – dette gjeld framleis.