Vestnes kommune innfører lokal forskrift frå midnatt 11. mai

Vestnes kommune innfører lokal forskrift frå midnatt 11. mai

Tysdag 11. mai kl 24:00 innfører Vestnes kommune ei strengare lokal forskrift som følge av koronasituasjonen.  – Siste veka har kommunen fått 26 nye smittetilfelle, dei fleste av dei har ukjend smitteveg. Situasjonen er førebels uoversiktleg og det er viktig med strenge tiltak for å slå raskt ned på smitta, seier ordførar Geir Inge Lien.

Det er viktig å få kontroll og oversikt over situasjonen, og vi må sette inn tiltak raskt på eit høgt nivå. Dette er i samråd med kva Statsforvaltaren og FHI rår oss til, seier kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli.

Forskrifta fører til forbod mot arrangement, skjenkestopp av alkohol, stenging av blant anna treningssenter og påbod om bruk av munnbind.

Kvifor ikkje strengare tiltak på skolar og barnehagar?

Per i dag er ingen barn eller unge i Vestnes så langt råka av smitte. Kommunen har vore i dialog med FHI og Statsforvaltaren, og dei tilrår ikkje å sette skular og barnehagar på raudt nivå.

Les lokal forskrift for Vestnes kommune her. (PDF, 46 kB)

Lokale råd i tråd med dei nasjonale

Vestnes kommune vel å endre dei lokale råda slik at dei føljer dei nasjonale råda for kommunar med smittetrykk på nivå med vårt (Tiltaksnivå B):

  • Ein bør ikkje ha fleire enn fem gjestar i eigen heim. Ein oppfordrar til å møtes utandørs.
  • Antallet kontaktar gjennom ei veke bør ikkje overstige 10 personar ut over nødvendige kontaktar i jobbsamanheng, husstandsmedlemmer og barnehage- og skulekohortar.
  • Ein bør halde 2 meter avstand i møte med andre personar i risikogrupper, og i situasjonar der smitterisikoen antas å vere høgare (f.eks. ved fysisk aktivitet med høg intensitet, synging eller roping).
  • Alle bør unngå reiser som ikkje er nødvendige. Reise til arbeid må sjåast på som nødvendig. For dei aller fleste vil det likevel gjelde krav om heimekontor.
  • Busette i kommunen anbefaler å nytte lokale kjøpesentre/varehus.
  • Busette i kommunen kan dra til fritidsbustad, men berre saman med personar i eigen husstand. Gjer alle innkjøp i eigen kommune før avreise. Ikkje oppsøk butikkar, serveringsstader eller møteplassar med mange menneske i hyttekommunen. Hald god avstand til andre. Sjekk kva råd og reglar som gjeld for hyttekommunen, og følg dei. Ikkje ta imot besøk.
  • Ein-til-ein verksemder, for eksempel frisørar, bør innføre forsterka tiltak som bruk av munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å oppretthalde 1 meters avstand eller å redusere eller mellombels fjerne behandlingstilbod som innebær nær kontakt ansikt-til-ansikt.