Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 21.10.2020, kl 10:03

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Verdensdagen for psykisk helse

Verdensdagen for psykisk helse

Verdensdagen for psykisk helse starta i 1992 da World Federation for Mental Health (WFMH) satte 10. oktober som ein dag for å fremje medvit om psykisk helse i heile verda. Markeringa av Verdensdagen for psykisk helse vert gjort i meir enn 150 land.

Klikk for stort bilete  

Psykisk helseteam vil rette fokus på verdensdagen i veke 42, der vi legg ut tema som omhandler vår psykiske helse.

Kunnskap og fokus på dette viktige temaet er noko vi ynskjer å snakke om, for vi trur på at det å styrke den psykiske helsa kan bidra til ein bedre kvardag.

Tema 2020 er: SPØR meir. Vær OPPMERKSAM. Vis INTERESSE  

Målet er at fleire tek vare på si psykiske helse, og ei større åpenheit om korleis takle psykiske utfordringar.

ALLE har eit behov for å verte sett, om det er heime, på jobben eller ute blant andre. Det gir ei kjensle av å høyre saman. Å høyre til er grunnleggande for ei god psykisk helse.

Korleis kan vi bidra til at fleire kjenner seg inkludert?

SPØR meir, det gir rom for tilbakemeldingar. Det kan bidra til å oppdage at nokon treng hjelp. Spør om korleis andre har det, så enkelt og så vanskeleg på same tid. Mange synes det er vanskeleg å spørje, eller å snakke om vanskelege ting. Nokre gonger kan vi kjenne på at vi er redde for svaret vi får, og korleis går vi fram når nokon svarer at dei ikkje har det så bra?

Tenker du over at det å bry seg og vise interesse for korleis andre har det kan gi ei positiv effekt på folks psykiske helse?  Vennleg interesse overfor eit anna menneske kan gi bedre sjølvkjensle og anerkjenning, og handlar om nettopp det å verte sett og inkludert.

Hjelptilhjelp.no er ein nettportal om psykisk helse, og her kan du få hjelp når ting vert vanskeleg. Her finn du hjelpetelefonar og nettsider om mestringskurs, nyhende, apper, videoer og mykje meir.

Alt handler om psykisk helse.

Neste tema vil handle om relasjonar.

Ha ein fin dag alle saman, og vi berre SPØR: Korleis har du det, eigentleg?

Helsing oss i Psykisk helseteam