Vårrydding og Ruskenaksjon

Vårrydding og Ruskenaksjon

Det er tid for vårrydding og Ruskenaksjon. Vestnes kommune vil gjennom Årim tilby henting av avfall som blir samla inn i fellesskap. Arrangør kan melde seg direkte til Årim.

Lag, organisasjonar eller skular kan ta kontakt med ÅRIM på epost for å avtale; post@arim.no

  • Alt avfall skal leggast i sekkar
  • Arrangør må sjølv sørge for søppelsekkar og hanskar
  • ÅRIM tek ved behov kontakt med den enkelte arrangør i etterkant av bestilling
  • Kommunane får faktura for kostnadane til henting og avfallsbehandling i samanheng med vårrydding og Ruskenaksjonen.

Vi gjer merksam på at Rusken avfall ikkje er herrelaust marint avfall, og dermed ikkje avfall som går inn under refusjonsordninga til Hold Norge Rent.