Vard Langsten stengt tysdag 11. mai inntil prøveresultat føreligg

Vard Langsten stengt tysdag 11. mai inntil prøveresultat føreligg

Vard Langsten blir mellombels stengt i morgon tysdag 11. mai og fram til alle prøveresultat føreligg. Resultata frå dei testane som så langt har komme inn, viser at seks arbeidarar ved verftet har fått påvist smitte, og ein manglar ein del prøvesvar i kveld.

Kommuneoverlegen og VARD har derfor beslutta å stenge verftet mellombels, fram til alle prøveresultat føreligg og ein har gjennomført smittesporing.

Dei seks personane som har fått påvist smitte i dag vil vere i isolasjon på Trohaugen, og nærkontaktar vil bli sett i karantene.

Alle arbeidarane som har jobba på verftet dei siste 10 dagane, blir oppfordra til å halde seg i ro til situasjonen er under kontroll. Dei er ikkje sett i karantene, men blir oppfordra til å vere ekstra forsiktige.

Det er no totalt 24 personar som har fått påvist smitte i samband med utbrotet ved Vard Langsten. Årsaka til at kommuneoverlegen og VARD i kveld beslutta å stenge verftet er at det fortsatt er ukjent smitteveg, og ein ønskjer svar på alle testar og gjennomføre smittesporing før det blir tatt beslutningar om vegen vidare.