Vard Langsten stengt til 2-trinns testprogram er gjennomført

Vard Langsten stengt til 2-trinns testprogram er gjennomført

Kriseleiinga i Vestnes kommune har i samråd med Folkehelseinstituttet (FHI) og statsforvaltaren beslutta at Vard Langsten skal halde stengt og arbeidarane vere i karantene fram til eit to-trinns testprogram er gjennomført. Kommunen har også hatt møte med VARD for å legge ein plan for korleis dette skal gjennomførast og VARD bidreg aktivt i dei tiltak som er beslutta.

Bakgrunnen for avgjørsla er avdekking av fleire smittetilfelle ved verftet i mai. Smitteveg er fortsatt ukjend, og smittesporing og kartlegging pågår. Det er for tidleg å seie om utbrotet kan ha tilknytning til andre lokale utbrot eller til andre smittekjelder.

Alle arbeidarar som har vore på jobb på verftet frå onsdag 5. mai og seinere skal gjennomføre eit to-trinns testprogram i kombinasjon med karantene. Alle skal vere i smittekarantene og ta covid-testar på dag 3 og dag 7. Familiemedlemmar til arbeidarane er ikkje i karantene og skal forhalde seg til generelle råd og forskrifter. Ein oppmodar likevel til å vere forsiktig og ha få nærkontaktar.

VARD sender ut eiga pressemelding kring situasjonen. (PDF, 120 kB)

Vestnes kommune har i kveld og fått melding om to nye smittetilfelle knytt til utbrotet på Vard Langsten. Det er to nærkontaktar som har testa positivt for covid-19. Begge satt allereie i karantene og det utløyser ikkje fleire nærkontaktar.