Informasjon om koronaviruset

Vard Langsten kan opne for full drift - Vestnes kommune opphevar lokal forskift

Vard Langsten kan opne for full drift - Vestnes kommune opphevar lokal forskift

Vestnes kommune har i kveld fått svar på alle prøvene tatt i samband med smitteutbrotet ved Vard Langsten. Alle testresultat på dag sju viser at ingen er smitta av covid-19. Då ein no har kontroll over smittesituasjonen opphever kommuneoverlegen den førebelse lokale forskrifta frå torsdag 20. mai kl 24:00.

Kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli seier at Vard Langsten no kan opnast for full drift. Dei samla testresutata frå rundt 500 arbeidarar viser at testing på dag tre gav eitt smittetilfelle, og testing på dag sju viser at ingen nye er smitta. 

Sidan smitteutbrotet ikkje har ført til vidare smitte i kommunen, ser ikkje kommuneoverlegen og kriseleiinga at det lenger er nødvendig med ei lokal forskrift.

Sjølv om ein opphevar lokal forskrift anbefalar ein fortsatt bruk av munnbind i butikkar/kjøpesenter og når ein ikkje klarer å halde minst ein meter avstand til andre. 

Elles oppmodar ein til å handle lokalt, ha få nærkontakter og vere forsiktig når ein omgås andre.