Var du innom Coop Obs Bygg på Molde Storsenter på fredag eller laurdag?

Var du innom Coop Obs Bygg på Molde Storsenter på fredag eller laurdag?

Da må du vere ekstra merksom på symptom på sjukdom. Ein tilsett er bekrefta smitta av korona, og kunder kan ha vore utsatt for smitte. Dette gjeld kunder som var innom butikken fredag 23. og laurdag 24. april.

-Dei som får symptom må gå i karantene umiddelbart og bestille time for testing. Kunder som ikkje har symptom treng ikkje å teste seg eller gå i karantene, opplyser kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli.

-Det er omfattende smitteutbrot i kommunane rundt oss no, så vi må vere førebudd på at smitten sprer seg til Vestnes også, sier ho. Det kan bli innført forsterka smitteverntiltak i løpet av dei nærmaste dagane.

-Vi kjem tilbake med informasjon så snart vi veit meir om dette. Inntil vidare er det viktig at alle er raske til å teste seg sjølv ved små symptom på sjukdom, sier Bredeli.

Ein minner også om at alle må ta telefonen dersom eit ukjent nummer ringer til deg. Det kan vere smittsporingsteamet som forsøker å få kontakt.