Vaksinering - tredje dose til dei med alvorleg nedsatt immunforsvar

Vaksinering - tredje dose til dei med alvorleg nedsatt immunforsvar

Vestnes kommune opnar no for moglegheit til koronavaksine 3. dose til dei med alvorleg nedsatt immunforsvar. Ta kontakt med legesenteret for timebestilling. 

Det er spesialisthelsetenesta som bestemmer kva personar som skal motta dose 3 av koronavaksine. Pasienten vil motta eit brev frå spesialisthelsetenesta som ein skal ta med som dokumentasjon til kommunen/vaksinasjonsstaden.

MEN siden dette kan ta noko tid har spesialisthelsetenesta i tillegg kome fam til følgjande alternative måter å dokumentere at dei tilhøyrer ei pasientgruppe som kan motta ei tredje dose:

Gruppe 1 

  • organtransplanterte, bienmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågående graft versus host- sjukdom som krev immunsuppresjon 
  • alvorleg og moderat primær immunsvikt 
  • aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5 
  • avansert eller ubehandla hiv-infeksjon 

Alle som har ein diagnose i samsvar til lista for gruppe 1 kan vise fram notat frå sjukehus kor diagnose framgår, dersom dei ønskjer vaksine før dei har mottatt brev frå sjukehuset. 

Gruppe 2 

  • Pasientar med pågåande betydeleg immundempende behandling av annan årsak: 

Pasientar som brukar immundempende medisin som står på lista frå dei fagmedisinske miljøa kan kontakte kommunen direkte og vise fram dokumentasjon på medisinbruk i form av journalnotat, resept /e-resept eller medikamentforpakning kor pasienten sitt namn framgår. 

  • Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling: 

Disse må vente på brev frå spesialisthelsetenesta fordi det må gjerast ei individuell vurdering for å få best effekt av vaksinen og unngå unødvendige biverknadar.

  • Pasientar som av ansvarleg legespesialist blir ansett å ha svært nedsatt immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene ovanfor:

Desse må også vente på eige brev frå spesialisthelsetenesta.