Vaksinering av lærarar og barnehagepersonale 

Vaksinering av lærarar og barnehagepersonale 

Prioriteringa av lærarar og barnehagetilsette vert iverksett når helsepersonell er ferdig vaksinert.

I følgje vaksinasjonsrettleiaran er det ønskeleg at tilsette i skule og barnehage skal ha mottatt første vaksinedose seinast 3 veker før skulestart for å vere beskytta. Vi vil derfor starte med barnehagetilsette sidan dei har kortare ferie og startar på att først.  

Dei som kjem under prioriteringa lærarar og barnehagepersonell skal ikkje bestille time sjølv, men vert kontakta for time. Unntak er dersom ein kjem under aldersprioritering, då skal ein melde seg på sjølv.

Oppdatering 23.07.2021: Dersom det er lærarar/barnehagepersonale som ikkje har blitt kontakta vedrørande vaksine, eller fått time, ber vi om at de tek kontakt med legesenteret.