Vaksinering alle over 65 år og helsepersonellDet er no opna for digital påmelding for koronavaksine dose 3 for alle over 65 år og helsepersonell. Vaksinering alle over 65 år - dose 3 Vestnes komme organiserer massevaksinering i Vestneshallen i veke 50 tysdag 14. desember og onsdag 15. desember. Kommuna legg ut digital påmelding. Etter retningslinjer frå FHI må det ha gått 5 månader mellom dose 2 og dose 3. Det vil sei at dei som melder seg på for tidleg ikkje kan få vaksine og vil bli avvist. Vaksinering av helsepersonell - dose 3 Helsepersonell kan melde seg på til dose 3 via digital påmelding. Det skal ha gått 6 månader mellom dose 2 og dose 3. Tilsette som melder seg på før kan ikkje få vaksine. For tilsette over 65 år gjeld 5 månader. Der skal det ha gått 5 månader mellom dose 2 og dose 3. Her bestiller du time for koronavaksinering Sist endra 26.11.2021 11.37