Utlysning av kulturmidlar og aktivitetstilskot for 2021

Utlysning av kulturmidlar og aktivitetstilskot for 2021

Det er no mogleg å søka kulturmidlar/aktivitetstilskot for 2021. Lag og foreiningar som driv kulturaktivitet i kommunen kan søke, og barne- og ungdomsarbeid har høg prioritet. Søknadsfristen er 25. april 2021.

Skjema og retningslinjer finn du her

Aktivitet skal dokumenterast i søknaden ved å legge ved eller ettersende årsmelding og rekneskap.

Endeleg vedtak om fordeling av aktivitetstilskot for 2021, blir gjort av Vestnes formannskap i juni månad.

Søknadsfrist: 25. april 2021.