Utanlandsk arbeidar ved Aas Mek. Verksted testa positivt på covid-19

Utanlandsk arbeidar ved Aas Mek. Verksted testa positivt på covid-19

Ein utanlandsk arbeidar ved Aas Mek. Verksted har testa positivt på covid-19. Han fekk symptom på laurdag og har vore i isolasjon sidan det i påvente av test. Han vart testa måndag.

Vedkommande har arbeidd saman med få andre og på eit avgrensa område på verftet. Han er busett på ein brakkerigg tilhøyrande Aas Mek. Verkstad. Personen har vore i Noreg i ein lengre periode.

Kommuneoverlegen har i samarbeid med Aas Mek. Verkstad gjennomført smittesporing. Tre personar er definert som nærkontaktar og dei er sett i karantene. Smittekjelda er ukjent og det er sannsynleg at han er smitta i Vestnes.

Aas Mek. Verksted vil vere i drift som normalt i morgon.