Utanlandsk arbeidar smitta og Aas Mek. Verksted stengt inn til vidare

Utanlandsk arbeidar smitta og Aas Mek. Verksted stengt inn til vidare

Ein utanlandsk arbeidar ved Aas Mek. Verkstad har testa positivt på covid-19. Aas Mek. Verksted blir førebels stengt medan smittesporinga pågår.

Det er ein person ved Aas Mekanisk Verkstad som har testa positivt. Han er utanlandsk arbeidar. Han har ikkje symptom. Han var først testa sist fredag. Då testa han negativt og han har difor vore i arbeid til han no fekk positiv resultat på test nr. to. Han er no sett i isolasjon. Han har ikkje vore på butikkar. Det er rundt 30 som er i karantene i Åslia.

Alle arbeidarane ved Aas Mek. er sett i karantene til smittesporinga er over og dei får anna beskjed.

Kommuneoverlegen har i samråd med Aas Mek. Verkstad bestemt at verftet blir stengt fram til smittesporinga er ferdig.