Utanlandsk arbeidar smitta av covid-19 i Vestnes

Utanlandsk arbeidar smitta av covid-19 i Vestnes

Det er påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande utlanlandsk arbeidar i Helland Rør AS som nyleg har ankome kommunen.

Personen vart testa ved innreise på Vigra flyplass. Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Vedkommande er sett i isolasjon og fire nærkontaktar er sett i karantene. Alle vil bli retesta.

Frå flyplassen til bustad i kommunen har den smitta og nærkontaktane køyrd eigen bil og ikkje vore i kontakt med andre.

Helland Rør AS og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.