Ungdomsstipend for 2019 frå Vestnes Ungdomsråd

Ungdomsstipend for 2019 frå Vestnes Ungdomsråd

Vestnes ungdomsråd lyser ut tre ungdomsstipend á kr 2 500, som etter forslag eller søknad kan tildelast ungdom som har utmerka seg i kategoriane song/musikk, idrett og anna kulturkategori. Søknadsfristen er utvida til måndag 27. mai 2019.

I tillegg ønskjer ungdomsrådet innspel på unge, lokale idretts- og kulturutøvarar (lag eller einskildpersonar) som har gjort seg bemerka nasjonalt og eventuelt internasjonalt, og som difor fortener å bli gjort stas på. Innspel, forslag og søknadar skal grunngjevast og sendast til Vestnes Ungdomsråd. Stipendmottakarar må vere 13-20 år, dvs. fødde mellom 1999-2006 - begge åra inklusive.

Forslag kan sendast til:
postmottak@vestnes.kommune.no 
eller Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes.

Endeleg vedtak om ungdomsstipenda blir gjort av ungdomsrådet. Tildeling vil skje i kommunestyremøtet den 20.06.2019.