Ungdomsstipen for 2021 frå Vestnes ungdomsråd

Ungdomsstipen for 2021 frå Vestnes ungdomsråd

Vestnes ungdomsråd lyser ut tre ungdomsstipend à kr 2 500, som etter forslag eller søknad kan tildelast ungdom mellom 13 og 20 år som har utmerka seg i kategoriane song/musikk, idrett og anna kulturkategori.

Forslag/søknad skal grunngjevast og sendast til: postmottak@vestnes.kommune.no innan søndag 16. mai 2021.

Ungdomsrådet deler ut stipenda i kommunestyremøtet den 17.06.2021.