Treng skogen din suppleringsplanting? 90% tilskot i 2019

Treng skogen din suppleringsplanting? 90% tilskot i 2019

I 2019 er det eit tilskot som heiter tettere planting som klimatiltak gjennom Landbruksdirektoratet. Det vil sei at når du planter skog får du ekstra tilskot. Den kommunale tilskotsordninga har 40% tilskot på nyplanting og suppleringsplanting. Tettere planting har 50% tilskot på suppleringsplanting.

Når det gjeld suppleringsplanting blir det gjeve 40 % tilskot via NMSK tilskotet til kommunen, og 50 % tilskot via tettere planting tilskotet. Dermed blir det tilsaman 90% tilskot på suppleringsplanting.

På nyplanting gjeld andre reglar men er og ei god ordning som gir 80 % tilskot på inntil 50 planter per dekar som plantast over anbefalt plantetal per dekar (bonitetsavhengig). Sjå meir om ordningane via denne lenka:

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/skog-og-klima/tettere-planting

Kommunen oppfordrar alle som har produksjonsskogsområder som ikkje er planta eller som skulle vore tettere planta om å ta ansvar for at det ikkje blir avskoga, og for å sikre neste generasjon eit godt tømmergrunnlag.

Kontaktinformasjon

Malin Therese Fiksdal
Skogbruksansvarleg
E-post
Telefon 71 18 40 82
Mobil 910 05 133
Fann du det du leita etter?