Informasjon om koronaviruset

Treng du hjelp til å handle på butikken eller hente medisin på apoteket?

Treng du hjelp til å handle på butikken eller hente medisin på apoteket?

Vestnes kommune og frivilligsentralen samarbeider med frivillige i heile kommunen for å kunne gje deg som treng hjelp dersom du er i isolasjon/karantene på grunn av koronaviruset.

Dette er eit tilbod for deg som er i isolasjon/karantene eller av andre grunnar som følgje av koronautbrotet ikkje kjem deg til butikken eller på apoteket. Tilbodet er basert på frivilligheit, og kan ikkje erstatte andre gode hjelparar som ein nabo, familie eller venner. 

Det vert utkøyring av varer to gongar i veka, måndag og torsdag. Frivillige vil køyre ut varer i tidsrommet kl. 17.00 – 19.00. 

Bestilling av varer vil skje frå butikkar i kommunen. Vi arbeider for å få til avtale med alle butikkane. Førebels har du velje mellom desse butikkane:

  • Rema 1000 Vestnes
  • Kiwi Vestnes
  • Bunnpris Vestnes
  • Spar Tresfjord 
  • Joker Tomrefjord

Betaling av varer

Du betaler berre for varene du kjøper og eventuelt fakturagebyr, utkøyringa er gratis.

Du får kvittering for kjøp med i ein av handleposane dine. Dette vert registrert i butikken og kommunen sender deg faktura i etterkant.

Tinging av medisinar 

Vi har avtale med Apotek1 Vestnes. Apoteket opprettar kundeavtale med den einskilde og sender faktura på varene. For å hente ut reseptbelagt medisin må du sjølv ringe apoteket og bestille, og oppgje kven som hentar medisinen for deg. Dersom ikkje andre rundt deg kan bidra med dette vil frivillige kunne bidra.

Tinging av medisinar skjer direkte til apoteket på telefon: 71 18 81 80. Apoteket plukkar og pakkar medisinane. Medisinar vert pakka i posa som vert stifta igjen og merka med namn og adresse til mottakaren. Uspesifisert kvittering blir lagt i posen. 

For å få levert medisinen heim tek du kontakt på e-post: frivillig@vestnes.kommune.no, mobil: 974 84 478. 

Korleis får du varene levert?

Frivillige hentar varer/medisin i butikk/apotek og fraktar varene/medisinane til deg. Den frivillige ringer/bankar på, og set varene frå seg utanfor døra. Den frivillige skal ikkje gå inn i bustaden, ha fysisk kontakt med deg eller andre i husstanden.

Den frivillige skal heller ikkje gjera andre oppgåver som til dømes kaste avfall, ta imot avfall, pant eller esker. Den frivillige skal ikkje ta imot pengar eller retur av noko slag. 

Slik gjer du det

Fyll ut skjemaet på Vestnes frivilligsentral si nettside.

Trykk på "treng hjelp", huk av for koronadugnad og legg handlelista i kommentarfeltet. Alternativt kan du ringe Vestnes Frivilligsentral, 97484478 (ope kl. 09.00-11.00), eller sendast på e-post innan kl. 11.00 måndag og torsdag.

Dersom du ikkje kan fylle ut skjemat sender du epost til frivillig@vestnes.kommune.no. Denne e-posten må innehalde informasjon om:

  • Namn, adresse, mobil/telefon og e-post
  • Handleliste
  • Kva butikk du vil handla i?
  • Betaling skjer ved faktura

Vi sender deg ei melding når bestillinga er mottatt. Vi vil helst at du nyttar skjema, eventuelt sender du e-post, har du ikkje moglegheit til det kan du sende SMS eller ringe til frivilligsentralen på: 974 84 478.

Teieplikt

Frivilligsentralen, kommunen sine tilsette, butikkane som bidreg i dette arbeidet og dei frivillige har teieplikt. 

Opplysningane som du gjev oss i denne samanhengen vert sletta seinast 3 månader etter denne hendinga.

Spørsmål?

Ta kontakt med: