Tredje vaksinedose til alle over 65 år

Tredje vaksinedose til alle over 65 år

I løpet oktober og november vil Vestnes kommune starte vaksineringa med ein tredje dose for denne aldersgruppa. Etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet vil kommunen starte med dei over 85 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar.

Vaksinasjon korona

Neste aldersgruppe blir 75 til 84 år, og til slutt aldersgruppa 65 til 74 år. 

Den tredje dosa kan tidlegast bli gitt seks månader etter andre dose, og det er Pfizer si vaksine som per no er godkjend for tredje dose.

Vaksinering for sjukeheimsbebuarar vert gjennomført i institusjon. For dei andre gruppen gjennomførast vaksinering på Idahall. Aldersgruppene 85 år og eldre og 75-84 år vert telefonisk kontakta når det vert deira tur. Når vi starta på gruppene 74-65 år legger vi ut digital påmelding. Vi vil legge ut oppdatert informasjon på kommunen sine nettsider.