Tre tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Tre tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Dei nye smittetala i Vestnes kommune siste døgn viser at 3 personar i innreisekarantene testa positivt på covid-19. Det gjeld 3 arbeidarar ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen.

Testresultat som vart tilgjengeleg i løpet av søndag viser:

  • 3 personar som rutinemessig har vore testa hos VARD har fått påvist covid-19.
    Ein av desse er såkalla usikker positiv, og vil bli retesta.
  • Alle har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen.
  • Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Norge.

Fem personar som i forrige veke fekk testresultat usikker positiv har vore retesta. Alle var negative, og er overflytta frå isolasjon til karantene.

I kommunen er det no ein del arbeidarar som er ferdige med sine karantene- og isolasjonsopphald. Personar som sit i isolasjon blir utsjekka ut av helseansvarleg i si verksemd og kommuneoverlegen godkjenner isolasjonstida før dei går ut i arbeid.