Tre tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19Dei nye smittetala i Vestnes kommune siste døgn viser at 3 personar i innreisekarantene testa positivt på covid-19. Det gjeld 2 arbeidarar ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen og 1 arbeidar frå ein underleverandør av Aas Mek. Verksted.Testresultata som blei tilgjengeleg i Vard i løpet av torsdag 14. januar viser: 2 personar som rutinemessig har blitt testa hos VARD har fått påvist Covid-19. Ein av dei er såkalla «usikker positiv», og vil bli retesta. Alle har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen. Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Norge.Arbeidaren frå ein underleverandør av Aas Mek. Verksted testa positivt for covid-19 etter ankomst. Personen er utan symptom og er overført til isolasjon. Nærkontaktar sit allereie i karantene. Den smitta har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg. Sist endra15.01.2021 15.18