Tre personar testa positivt for covid-19 ved innreise

Tre personar testa positivt for covid-19 ved innreise

Vestnes kommune har fått melding om tre nye smittetilfelle av covid-19, som har testa positivt ved innreise. Dei tilreisande har vore i karantene sidan ankomst Noreg, og er no i isolasjon ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen.  

Nærkontaktar og dei som kom i same reisefølgje er i karantene. Smittesporing er gjennomført.

Personane har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkninga.