Tre personar i innreisekarantene testa positivt for covid-19

Tre personar i innreisekarantene testa positivt for covid-19

Vestnes kommune har fått melding om tre ny smittetilfelle. Det er tre arbeidarar i innreisekarantene ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen som har testa positivt for covid-19. Dei blei rutinemessig testa under karanteneopphaldet.

Arbeidarane har vore i karantene sidan dei ankom Noreg og er no i isolasjon. Nærkontakter og dei som kom i same reisefølgje er i karantene og vil bli retesta.

Alle har dokumentasjon på negativ test før avreise frå sitt heimland, samt negativ test ved ankomst Noreg. 

Dei har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkninga.

Trohaugen er godkjent som karantenehotell for tilreisande som har fått innreisegodkjenning gjennom den søknadsbaserte ordninga som blir administrert av Sjøfartsdirektoratet.