Tre nye smittetilfelle i Vestnes

Tre nye smittetilfelle i Vestnes

Vestnes kommune har fått melding om tre nye smittetilfelle av covid-19. Dei  tre er nærkontaktar til dei to arbeidarane som vart meldt smitta på søndag.

Personane har vore i karantene og er no overført til isolasjon på Trohaugen.

Smittekjelda er førebels ukjend. 

Som ein konsekvens av smittesituasjonen i Møre og Romsdal har VARD lokasjonane innført vekentleg covid-testing av eit utval av arbeidarane inne på verfta.