Tre i innreisekarantene testa positivt

Tre i innreisekarantene testa positivt

Vestnes kommune har i dag fått melding om at tre personar er smitta av covid-19. Det gjeld tre arbeidarar i innreisekarantene ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen.

Dei tre har vore i karantene på Trohaugen etter eit utanlandsopphald. Dei har no flyttet over i dedikerte isolasjonsbrakker, og blir følgd opp av VARD sitt helseteam.

To er busett i Vestnes kommune og ein i Ålesund kommune.

Arbeidarane kom tilbake til Noreg i same reisefølge, og har alle vore i karantene sidan ankomst. Alle tre har dokumentasjon på negativ test før avreise til Noreg, samt negativ test ved ankomst. Dei vart rutinemessig testa igjen ved dag 7, og desse testane viste no positive testresultat. 

Dei har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkninga.

Nærkontaktar og dei som kom i same reisefølge er i karantene og vil bli retesta. Smittesporing er gjennomført.