To tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

To tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Dei nye smittetala i Vestnes kommune siste døgn viser at to personar i innreisekarantene testa positivt på covid-19. Det gjeld ein arbeidar ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen og ein arbeidar frå ein underleverandør av Aas Mek. Verksted.

Testresultat som vart tilgjengeleg i Vard i løpet av tysdag viser:

  • Ein person som rutinemessig har vore testa hos VARD har fått påvist covid-19.
  • Han har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen.
  • Han har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.

Arbeidaren frå ein underleverandør av Aas Mek. Verksted testa positivt etter å ha vore nærkontakt til ein person som har fått påvist korona tidlegare.

  • Han har vore i karantene sida ankomst, og er overført til isolasjon.
  • Nærkontaktar sit allereie i karantene.
  • Den smitta har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.