To tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

To tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Nye smittetal i Vestnes kommune siste døgn viser at 2 personar i innreisekarantene testa positivt på covid-19. Det gjeld 2 arbeidarar ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen.

Testresultat som blei tilgjengeleg i Vard i løpet av måndag viser:

  • Ein person i innreisekarantene hos VARD har fått påvist covid-19. Han var nærkontakt og i same reisefølge som kollegaer som testa positivt nokre dagar tidlegare. Han har blitt retesta av selskapet sitt helseteam. Den andre personen testa positivt på flyplassen ved innreise til Noreg, og vil også bli retesta hos VARD.
  • Begge har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen.
  • Begge har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Norge.

I kommunen er det no ein del arbeidarar som er ferdige med sine karantene- og isolasjonsopphald. Personar som sit i isolasjon blir utsjekka ut av helseansvarleg i si verksemd og kommuneoverlegen godkjenner isolasjonstida før dei går ut i arbeid.