To til smitta av covid-19 i Vestnes

To til smitta av covid-19 i Vestnes

Det er i kveld påvist koronasmitte hos to person til i Vestnes kommune. Det er tilreisande gjestearbeidarar frå ein underleverandør i VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen. 

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personane har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Dei smitta er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene. Ein ventar på prøveresultat på ein del av reisefølge. 

VARD og kommuneoverlegen held på med smittesporing.

Personane har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.