To nye smittetilfelle i Vestnes

To nye smittetilfelle i Vestnes

Vestnes kommune har i dag fått melding om at to personar har testa postivt for covid-19.

Smittekjelda er ukjend.

Fleire nærkontaktar er testa med hurtigtest. Situasjonsbildet viser ingen fleire positive ut ifrå hurtigtestane. Vi vil kome med meir informasjon når vi får svar på PCR-prøvene.

Nærkontaktar som er fullvaksinerte treng ikkje vere i karantene, men må vere obs på symptom.