To nye smittetilfelle i Vestnes

To nye smittetilfelle i Vestnes

Vestnes kommune har fått melding om to nye smittetilfelle av covid-19. I samband  med VARD Langsten sine nye rutiner med vekentleg covid-testing av eit utval abeidarar og smittesituasjonen ved verftet, er det registrert to arbeidarar som har testa positivt for covid-19.  

Verksemda dei jobbar i er leverandør til VARD. Dei har vore på arbeid på verftet til og med måndag. Begge er no i isolasjon på Trohaugen. Nærkontaktar er i karantene og deira nærmaste kontaktar er i ventekarantene.