To nye smittetilfelle i Vestnes

To nye smittetilfelle i Vestnes

Vestnes kommune har fått melding om to nye smittetilfelle av covid-19. Den eine smitta var nærkontakt til smittetilfelle meldt førre onsdag. Testresultat på dag 7 var positivt og dette smittetilfelle utløyser ikkje fleire nærkontaktar.  

Den andre smitta er ein arbeidar ved Vard Langsten. Vedkomande var på arbeid førre veke og fekk symptom på sjukdom laurdag. 

29 personar er sett i karantene. Familie og nære arbeidskollegaer til nærkontaktane er i ventekarantene. Mannskapa i Tomrefjord brannvesen er definert som nærkontaktar og sett i karantene, brannberedskapen er likevel ivaretatt.

Smittekjelda koplast til kjent smitte på arbeidsplassen. Smittesporing er gjennomført. 

Som ein konsekvens av smittesituasjonen i Møre og Romsdal har VARD lokasjonane innført vekentleg covid-testing av eit utval av arbeidarane inne på verfta. Ved Vard Langsten er denne ordninga no i gang, og det planlagt testing i dag onsdag.  

Begge er tilhøyrande i Vestnes.

- Dei siste vekene har det vore fleire tilfelle av smitte knytt til lokalbefolkninga i Vestnes. Det er svært forståeleg at folk byrjar å verte lei smittevernsreglar og ikkje kunne leve nærare på kvarandre. No er det viktigare enn nokon gong at vi står saman og held ut med avstand og handvask. Likevel vil eg seie som presisert tidlegare: Uansett kor forsiktig ein er, kan alle vere uheldige seier kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli.